Får ikkje gjennomslag

NFES har i fleire år jobba for å få på plass ei autorisasjonsordning. Førebels har dei ikkje fått gjennomslag for forslaget. Det er hos Justisdepartementet det stoppar opp. Dei er veldig avmålte, og avviser alle krav på akkurat det. Justis- og beredskapsdepartementet stadfestar at foreininga har vendt seg til dei både i 2010 og 2015.

Begge gongane vart departementet bede om å greie ut ei autorisasjonsordning for privatetterforskarar.
Meiner det er unødvendig
I 2010 viste departementet til at ei slik ordning hadde vore greidd ut tre gongar tidlegare.
Ingen av utgreiingane konkluderte med at ei særordning for privatetterforskarar var nødvendig.
– Departementet peika også på at ei autorisasjonsordning ville innebere at bransjen blir gitt spesielle rettar, skriv kommunikasjonsrådgivar Linda Hafstad i ein e-post til NRK.
Fem år seinare prøvde NFES igjen å få gehør for ordninga. Også då viste departementet til dei tidlegare utgreiingane.
– Det er etter dette ikkje komme fram opplysningar som har gitt departementet grunnlag for å revurdere standpunktet, skriv Hafstad.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.